Den store Artsjakta 2017 – Noregs største kartleggingsdugnad over naturlege nasjonalskattar

Ein av lokalitetene der Gunnar samla (foto: G.M. Kvifte).
Den eine av lokalitetane i Hordaland der Gunnar samla (foto: G.M. Kvifte).

Måndag 5. juni arrangerte vår favoritt-miljøvernorganisasjon SABIMA det årlege arrangementet «Den store artsjakten». På denne datoen samla dusinvis av ivrige amatørar og fagpersonar inn data om ulike artar og kor dei var å finna; både innanfor plantar, fugl, pattedyr, sopp og så klart insekt. I skrivande stund (14.11 den 8. juni) er det lagt inn over 680 observasjonar i www.artsobservasjoner.no, kor 55 er virvellause dyr (altså insekt, edderkoppdyr, sneglar og andre artige småkryp). Fleire funn vil utvilsamt dukka opp utover dagen, for det er gjeve premier ein kan venta seg om ein stikk av med ein av sigrane.

den-store-artsjakten-2017-003-2-edit
(Foto: G.M. Kvifte).

Fleire av oss deltakarane i rikmyrsprosjektet var sjølvsagt med på arrangementet — Linn var i Hedmark for å supplera fjorårets fangst og brukte dagen både på å samla fluger og på å observera ulike planter og fuglar, både på rikmyrsprosjektet sine «faste» lokalitetar og på andre interessante naturtypar i området. Samtidig rusla eg (Gunnar) rundt i skjulte naturperlar i bergensområdet og leitte etter skjulte skattar i Sanddalsbotnen (mot Sædalen, for dykk som er kjende i Bergen), og langs Nesttunvatnet. I tillegg blei det drive ei Malaisefelle spesifikt for prosjektet i edellauvskogsområdet Geitrem på Osterøy.

Funnlista mi (Gunnar si altså) er ganske kort, då eg konsentrerte meg om det eg kan best – mygg og fluger, med hovudvekt på artar i tilknytnad til ferskvatn og andre fuktige habitat. Av særleg spanande funn kan eg nemna den første påviste lokaliteten for sommarfuglmyggen Pericoma blandula i ytre Hordaland, første funn av u-myggen Dixa dilatata frå vestlandet, og ikkje minst sju eksemplar av Opetia nigra, ei daudved-levande fluge som enno ikkje har noko norsk namn (fig. X). Det er fordi den enno ikkje er publisert frå Noreg – me har med andre ord funne ein ny art for Noreg gjennom artsjakta!

opetia-nigra-male-edit

opetia-nigra-female-edit
Hannen (øvst) og hoa (nedst) av Opetia nigra, som er ein heilt ny familie for Noreg (foto: G.M. Kvifte).

Linn kan på si side skilta med 162 registrerte arter, då ho i tillegg til å samle insektar i Hedmark registrerte alt ho rakk å sjå på sin veg tilbake til Vestlandet.

Rikmyra Sandåker i Løten kommune, der Linn jakta etter arter 5. juni (foto: L.K. Hagenlund)
Rikmyra Sandåker i Løten kommune, der Linn jakta etter arter 5. juni (foto: L.K. Hagenlund)

Bland desse er fleire nye funn av dårleg kjende eller lite utbreidde arter, som bladbilla Aphthona lutescens, som var funne heilt i nordgrensa for si ubreiing. Det vart óg fleire nye fylkesfunn av tovengjer for Hedmark:

Snegleflugene Renocera striata og Hydromya dorsalis. R. striata er lite vanleg i Noreg og er tidlegare berre kjend frå Finnmark, Nordland og Rogaland. Desse flugene lever av ertemuslingar (Pisidium) og kan finnast i habitater som myrar, tjern og heleofyttsumpar (Rozkošný XXXX, Knutson & Berg 1971). H. dorsalis er kjend frå norke få lokalitetar i Oslo, Rogaland, Troms og Finnmark (Knutson & Berg 1971).

Vassflugene Coenia curvicauda, med funn i Artskart frå Akershus og Oslo, men enno ikkje pulisert frå Noreg, Dichaeta caudata, tidlegare kjend frå få lokalitetar i Oslo, Rogaland og Hordaland (Greve, Hansen & Rognes 2003), og Psilopa polita, med berre to tidlegare funn frå Noreg (sjå artskart).

Død bever (foto: L.K. Hagenlund).
Død bever (Castor fiber) (foto: L.K. Hagenlund).

 

I tillegg fekk ho meir spektakulære naturopplevingar som funnet av ein nyleg daud bever, truleg drept av ulv. Av andre oppsiktsvekkande funn kan ein notera seg at då ho la planta ugrasløvetann, Taraxacum officinale, inn i systemet fekk ho gratulasjon om at det var Hedmarks første observasjon av arten. Dette er, som mange lesarar nok vil skjønna, ikkje fordi løvetann er spesielt sjeldan eller vanskeleg å finna, men fordi særs mange artar er veldig underrapporterte i Noreg.

Firflekklibelle (Libellula quadrimaculata) som nettopp har skifta ham (foto: L.K. Hagenlund)
Firflekklibelle (Libellula quadrimaculata) som nettopp har skifta ham (foto: L.K. Hagenlund)

 

Artsobservasjoner er eit strålande tilbod til insektnerdar, edderkoppfantastar, fuglekikkarar, lystfiskarar, hobbybotanikarar, soppsankarar, hagedyrkarar og alle andre som likar å vera ute i naturen og legga merke til det som finnest der. Kvaliteten på observasjonane er gjennomgåande høg, og mange av dei mest aktive brukarane er òg særs respekterte menneske i fagmiljøa. Funna i artsobs blir brukt både i naturforvalting og i forsking, og er særleg viktige når det gjeld å kartlegga norsk fauna og flora. Og sist, men ikkje minst, er det moro å vera med på!

Har du sett ein løvetann, ein svarttrost eller kanskje den langbeinte urmyggen Pachyneura fasciata? Meld deg på www.artsobservasjoner.no då vel!

firfisle-strandvegen-44
Nordfirfisle (Zootoca vivipara) vart funnen ein dag for tidleg for artsjakten (foto: L.K. Hagenlund).

 

Gunnar M. Kvifte og Linn K. Hagenlund

 

Referansar:

Greve, L., Rognes, K., & Hansen, L.O. (2003) Notiphila (Dichaeta) caudata Fallén , 1813 (Diptera, Ephydridae) in Norway. Norwegian Journal of Entomology 50, 137-138.

Knutson, L.V. & Berg, C.O. (1971) The Malacophagous flies of Norway (Diptera, Sciomyzidae). Norsk entomologisk Tidsskrift 18, 119-134.

Rozkošný, R. (1984) The Sciomyzidae (Diptera) of Fennoscandia and Denmark. Fauna Entomological Scandinavica

Siebke, H. (1877) Enumeratio Insectorum Norwegicum, Fasculum IV, Catalogum Dipterorum continentem. 255 pp. A. W. Brøgger, Christiania.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.