
Du har vel opplevd det eit par gongar. Du er ute og går tur i skog og mark i litt blaute områdar då noko plutseleg bit deg i nakken eller på armen. Det er den hersen kleggen.
Klask! Tok den!
Men ein klegg er ikkje berre ein klegg. Klegg og blinding høyrer til familien Tabanidae. I Noreg har det blitt observert 44 ulike kleggeartar (Falck, 2014). Med andre ord, det er ein del forskjellige klegger som kan ha bitt deg. Men korleis kan vi finne den skuldige? Til å byrja med kan ein lure på om det har noko med kor i landet ein er. Er du lengre nordover i landet er det eit mindre utval av kva klegger som kan ha bitt deg. Der oppe finn ein som oftast meir vanlege kleggtypar som til dømes svartfotblinding (Chrysops nigripes Zetterstedt, 1838), regnklegg (Haematopota pluvialis Linnaeus, 1758) og gullhårklegg (Hybomitra auripila (Meigen, 1820)) (Falck, 2014). Lengre sør i landet vert variasjonen ein del større. Felles for dei alle er at dei likar fuktige myr-liknande områdar. Dei kan leva i høgareliggjande plassar og nokon føretrekk til og med det. Det kan verka som at nokre kleggar føretrekk meir kalkrike myrar, men det er det ikkje nokon konsekvente data på enda.
Ettersom det no visar seg å vera vanskeleg å kunne bestemme kleggen utifrå kor du er i landet, må ein gjerne ty til andre teknikkar. Å bestemme ein kleggeart heilt til artsnivå krevjar ein lupe eller stereoskop samt den rette litteraturen. I Europa og Noreg er det forholdsvis lite litteratur som går i djupna på dette, men det finnast to bøker eller artiklar ein kan nytte. Visst ein går djupt til verks og vil dekkja over alle kleggeartar i Europa kan du nytta «The Horse Flies of Europe: (Diptera, Tabanidae)» av Milan Chvála, Leif Lyneborg og Josef Moucha. Der kan ein lesa i detalj om livet og utspreiinga og morfologien av kleggar i Europa. Det einaste aberet med den boka er at den er frå 1972. Med andre ord, den er ikkje nødvendigvis heilt oppdatert når det gjelder observasjonar. Den skal midlertidig dekkja alle artar klegg som ein veit om per i dag og, med nokre moglege unntak. Ein bok som går mykje meir på norske kleggartar er artikkelen til Morten Falck i Norwegian Journal of Entomology som blei utgjeven i 2014. Den er ganske så oppdatert på kva artar som er i Noreg og inneheld gode beskrivingar om kva for trekk ein skal sjå etter når ein nøklar kleggen.
Ikkje alle har tilgang på utstyr som lupe eller stereoskop, som ein treng for å komme heilt til artsnivå for dei fleste kleggane. Men dei fleste kan komme fram til kva slekt kva for ein slekt denne kleggen høyrar heime i. For å ta dei enkle først. Chrysops, som er ein underslekt av blindingar, er lett attkjenneleg grunna den brune stripa på vengen (fig. 1).

I tillegg vert Chrysops sjeldan over 1.5 cm store. Som eit ekstra kjenneteikn har Chrysops lengre antenner enn dei andre kleggeslektene. Den andre på lista med lett attkjennelege vengar er Haematopota, regnklegg. Den kan du kjenne att på at vengen er full små brune og gråbrune flekker samt at vengen har nesten eit slags ruglete utsjånad (fig. 2). Denne vert og sjeldan større enn 1.5 cm. Det er 4 artar av Haematopota i Noreg, men H. pluvialis er desidert den vanlegaste av dei fire som har blitt observert i Noreg.

Ein slekt som er meir sjeldan i Noreg er Atylotus. Den kan ein enklast kjenne att ved at den har store auge, mykje større enn andre kleggartar. Auga til Atylotus er såpass store at den har knapt frons, altså området mellom auga. Atylotus er og av mindre storleik, omtrent aldri større enn 1.5 cm.

Så kjem vi til dei som kan vera vanskeleg å skilja frå kvarandre. Først ut er Heptatoma. Den er det er berre ein art av, Haematopota pellucens, men den kan minne og Hybomitra og Tabanus. Måten å skilje dei på, utan lupe, er å sjå på fargemønster. Det skal seiast at dette ikkje er ein eitt hundre prosent sikker metode. Klegg har ei lei tendens til å ha variabel utsjånad, sjølv innan arten.
Heptatoma er annleis i den forstand at den er sort på 2\3 av bakdelen og har klare venger. I tillegg plar den å ha fire band på auga, kvar dei to midtarste kan henge saman i ei løkke (fig. 4). Banda på auga er av metallisk blå til gul (Chvàla, Lyneborg, & Moucha, 1972).

Hybomitra og Tabanus liknar på denne, men det er ein viss forskjell. Dei er som oftast litt større enn Heptatoma og er meir vanleg i Noreg enn Heptatoma. Måten du kan skilja mellom Hybomitra og Tabanus med relativt stor sikkerheit er via farger og mønster. Hybomitra har ofte sterke gule til brune fargeområdar på sida av abdomen. Desse strekkjar seg i varierande grad frå delar av magen (stergitt) til oversida av ryggen (tergitt). I nokre tilfelle dekkjer dei heile undersida av bakkroppen.

Dette ser ein kan ein omtrent ikkje sjå hjå Tabanus. Tabanus manglar ofte desse markeringane bortsett frå i to artar. Tabanus bovinus Linnaeus 1758, eller kuklegg på norsk, er ein stor klegg på gjerne over to cm. Denne kleggen har disse markeringane på sidene, men sidan den er såpass stor skal det gå greitt å skilja den frå Hybomitra(figur 3). Elles kan ein finna Tabanus sudeticus Zeller, 1842, grå kjempeklegg, som har slike flekker i redusert grad.

Det den observante av oss har kanskje sett er at nokre av kleggene har band av ulike fargar på auga sine, mens nokon har ikkje. Det er grunna av at når dyret tørkar ut, mistar auga den metalliske skinen, I tillegg mister auga noko av fargane sine. Dei vert som oftast svarte til raudbrune når dei tørkar ut, noko som kjem an på arten.
Det du forhåpentlegvis har fått tatt deg med av å lese alt dette er å at det er faktisk forskjell på alle kleggane vi har i Noreg og at det er mogleg å sjå skilnadar på dei. Sjølv om det å komme heilt til art er vanskeleg, er det mogleg å finne ut av slekta relativt stor nøyaktigheit. For oss som er nysgjerrige på det som er i naturen, er det kjekt å vita at hos nokre dyr kan ein nokolunde enkelt finne ut slekta, om ikkje arten.
Stein Skoglund Skåtøy
Referansar:
Chvàla, M., Lyneborg, L., & Moucha, J. (1972). The Horse Flies of Europe (1 ed. Vol. 1). University of Copenhagen: Entomlogical Society of Copenhagen.
Falck, M. (2014). The Horse Flies (Diptera, Tabanidae) of Norway. Norwegian Journal of Entomology, 61(2), 268.