Lodne og lyssky luringar: Sommarfuglmygg på rikmyrer i Hedmark

 

Psychodid Pic_Edit Linn
Sommarfuglmygg som kvilar seg på mose. Foto: G.M. Kvifte.

Ei av insektgruppene me skal gje særskild merksemd til på rikmyrsprosjektet er sommarfuglmyggane — ei gruppe små lodne mygg som ikkje stikk, som overfladisk kan likna litt på små møll. Dei lever stort sett i nær tilknytnad til levestadane til larvene sine, som for dei fleste artane stort sett er å finna i fuktig jord, mose og rotnande lauv; oftast i samband med kjelder, bekkar eller dammar. Nokre artar lever òg i møk eller sopp som larver. Det er kjend rundt 3000 artar av familien på verdsbasis, og dei kan finnest på alle kontinent utanom Antarktis.

IMG_5180
Gunnar M. Kvifte på jakt etter sommarfuglmygg. Foto: L.K. Hagenlund.

Forskarar ved rikmyrsprosjektet har arbeidd med sommarfuglmygg av og på sidan 1992, då Trond Andersen publiserte det første norske funnet av arten Sycorax silacea. Verkeleg fart i sakene blei det først då Gunnar Mikalsen Kvifte byrja på mastergraden sin om gruppa i 2009, og sidan då har han kartlagt faunaen av familien i fleire europeiske og afrikanske land, inkludert å ha beskrive tidlegare ukjende artar frå Noreg, Finland, Kroatia, Spania, Tanzania, Madagaskar og Kenya. Den norske faunaen er difor vorte ein av dei betre kartlagte i verda, med 43 kjende artar; det er derimot sannsynleg at fleire artar kan stå att å finna: våre naboland, som jo har ganske lik natur som oss, kan skilta med 59 artar frå Sverige og heile 63 i Finland…

PericomanielseniKvifte2010 Genitalia
Døme på sommarfuglmygg-kjønnsdelar; dei viktigaste organsystema for å bestemma artar hjå mange ulike insektgrupper. Denne heiter Pericoma nielseni og er ein av artane me ventar å finna i Hedmark. Foto: G.M. Kvifte.

Ein kan sikrast artsbestemma sommarfuglmygg gjennom å studera mikroskop-preparat av hannen sine genitaliar. Munndelane, antennene og vengene har òg gode karakterar som kan hjelpa taksonomar å finna fram til kva art ein har med å gjera. Særskilde trekk som kjenneteiknar berre denne familien er bl.a. skjela som dekker vengene og får dyra til å likna møll, og ikkje minst dei gjennomsiktige sanseorgana askoidane som sit på antennesegmenta.

Undersøkingane våre av sommarfuglmyggfaunaen på norske rikmyrer følgjer opp både ein solid finsk forskartradisjon og Universitetsmuseene sine undersøkingar i Finnmark i 2010-2012, som til saman tek sikte på å forstå dei såkalla boreale elementa i norsk sommarfuglmyggfauna. Dette er artar som er knytt til barskogbeltet som strekk seg rundt heile den nordlege halvkula og dekkjer størsteparten av både Russland og Canada. Der Finland og Finnmark i stor grad er reine boreale økosystem ser derimot Hedmark ut til å kunne vera eit krysningspunkt med meir sørlege naturtyper, og det blir spanande å sjå om det er nordleg/austlege artar eller meir varmekjære sørlege artar som dominerar samlingane våre.

Gunnar M. Kvifte

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.